Bunaden har opphav og føresetnad i dei lokalt særprega kleda i det før-industrielle bondesamfunnet, folkedraktene. Nokre av folkedraktene frå 1900-talet var ikkje ute av bruk før dei blei tekne i bruk som bunad. I andre bygder var tida frå folkedraktbruken til bunad så kort at kunnskapen var tilstade i bygda når bunaden skulle lagast.
"Nokre av bunadene våre er utarbeidde som nøyaktige kopiar av ein eldre draktskikk, det vi kallar ein rekonstruert bunad. Ein rekonstruksjon inneber ei systematisk kartlegging av draktskikken i eit visst område, og deretter kopiering av ei drakt frå same stad og same tidsperiode. I tillegg til bevarte plagg kan andre viktige kjelder vere fotografi, måleri, skriftlege kjelder og munnleg tradisjon. Desse kjeldene kan seie noko om korleis og i kva høve kleda vart brukte. Det er òg viktig å finne ut av handelsvegar, næringsvegar og kontakt med andre bygdelag.
Etter utført feltarbeid blir det gjort ei vurdering av om det finst tilstrekkeleg med bevarte plagg og anna kjeldemateriale til at det kan vere grunnlag for ein rekonstruksjon. Deretter gjer NBF ei vurdering av kva plagg som bør rekonstruerast, eventuelt korleis plagg som allereie er valde ut, samsvarar med kjeldematerialet.
Den faktiske rekonstruksjonen av bunaden går føre seg lokalt, gjerne i samarbeid med NBF. NBF kan hjelpe med råd om mønster, materiale og saumopplæring. Ved fullført rekonstruksjon gjev NBF ei skriftleg uttale om arbeidet og eit diplom. NBF gjev råd og rettleiing berre til dei som sjølv tek kontakt".
(Tekst frå heimesida til Institutt for bunad og folkedrakt (NBF))
Dei mest kjende bygdene der folkedraktene var i bruk lengst er i Setesdal, Øvre Hallingdal, Hardanger, Fana og deler av Telemark. Her kunne overgangen til bunad skje ved at dei siste som sydde folkedrakter kunne læra nye generasjonar som sydde bunad.
Medlemmane i Norsk folkedraktforum står bak mange av dei rekonstruerte bunadene. Dette arbeidet starta etterat NBF fekk nye statuttar i 1967. Utover frå 1970-talet og fram til i dag har det blitt utarbeidd bunader i mange delar av landet.
Det som karakteriserer alle desse bunadene - både dei i direkte tradisjon og dei som er rekonstruerte, er den store rikdommen i variasjon i stoff, fargar og dekor. Det er visse rammer som bunaden held seg innafor - knytta til snitt og påkledning. Innafor desse rammene kan den enkelte laga sin eigen bunad.
Du får innsyn i koss både kvinne- og mannsbunad frå Sunnfjord er arbeidd fram ut frå krava til rekonstruksjon frå NBF i filmen som er del av undervisninga til dagens bunadtilverkarar. Sjå filmen frå nettsida delekunnskap.no her.
I Store norske leksikon kan du lesa meir om mannsbunad og kvinnebunad frå Sunnfjord.
Her kan du sjå nokre av dei mange rekonstruerte bunadene: Rogaland,
Den faktisk