Drakthistorie

Johannes Flintoe (1787-1870) har laga akvarellen med tittel «Dragter frå Kinservig Præstegjeld i Hardanger» på grunnlag av Niels Hertzbergs akvarellar frå 1817. Kjelder: Nasjonalgalleriet og Norsk folkemuseum

Frå 1800-talet har vi ein rikdom av draktakvarellar frå ulike kunstnarar som reiste landet rundt og dokumenterte folkelivet. Vi kan studera draktbileta frå ulike perspektiv. Kva  fortel dei om utvikling av snittet i draktene? Vi kan samanlikna dei med europeisk motehistorie for å ha nokre knaggar å henga det på.

Her skal vi sjå kva akvarellen frå Hardanger tidleg på 1800-talet kan sei om den lokale drakthistoria. Les vidare her.

Litteratur om drakthistorie

Vil du vita noko om drakthistoria så er boka til Magny Karlberg ein god stad å lesa. Ho gjer eit djupdykk i Valdres, med blikk ut mot europeisk motehistorie. Her er det mykje å læra, same kva del av landet du har mest interesse av.

Magny Karlberg f.1942 er frå Valdres. Ho har studert drakt- og tekstilvitskap, har m.a. rekonstruert bringedukdrakta frå Øvre Valdres. Ho var direktør i Bunad- og folkedraktrådet frå 1980-2006.

Norsk folkedraktforum arrangerer hvert år seminar, studieturer og meir praktiske temahelger. Drakthistoria er som oftest emnet for disse samlingene i en eller annen form.

Her kan du lese om en samling rundt kvinnedrakter fra rokokkotiden.

Folkedraktene hadde lokalt særpreg. Men det kunne vera både likskap og ulikskap når vi ser frå ei bygd til nabobygda. Ellen Runderheim har skrive om slik samrøre mellom bygdene i Tinn i Telemark, øvre Numedal, Sigdal/Eggedal/Krødsherad. Les artikkelen her.

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no