Draktplagg

Bringeduk/bringklut er del av den renessanseprega draktskikken som kom hit på 1600-talet. Han kom i bruk i mange deler av landet og prega folkedraktene gjennom 17- og 1800-talet. I nokre bygder gjekk bringeduken ut av bruk, andre stader, som t.d i Hordaland, var han i bruk like til 1900-talet

Bringeduken er bare eit av dei mange ulike plagga som ein bunad kan vera sett saman av. Bunaden er ingen kjole som du er kledd i når du har på deg eitt plagg. Bunaden består av mange plagg. Det er forma/snittet på dei største plagga som er fast i ein bestemt bunad. Derfor kan me sjå skilnad mellom to bunader berre ved å sjå at dei har ulikt form på livet t.d.

I denne artikkelen legg me inn eksempler på slike variasjonar - slik at du kan gå på skattejakt rundt i landet.

Dersom du blei nysgjerrig på bringedukar så finn du mange gamle bringedukar på Digitaltmuseum.no. Sjekk denne bringedukmappa.

Kva er du nysgjerrig på?

Skjorter

Kvinnetrøyer

Mannstrøyer

Mannsbukser

Kvinneliv

Hovudplagg

Forkle

Lauslommar

‍

‍

Sko kunne også variera rundt i landet - og i ulike tidsperiodar. Foto: Målfrid Grimstvedt
Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av 99x