Utstillinga "Hovudplagg og hårmote" er inne i sitt femte år på vandring. Mange har sett ho på ein av dei 17 ulike stadene ho har blitt vist. Men alle stader er det noko meir å sjå som utfyller historia om dei lokale drakttradisjonane på nettopp den staden ein er til ei kvar tid. No er det Ryfylke.


Utstillinga opna laurdag 24.januar 2026. Målfrid Grimstvedt fortalde om Norsk folkedraktforum og om arbeidet som dei 22 lokale gruppene har utført for å laga dei 75 hovuda med håroppbinding og plagga som utgjer det ferdige heilskapen.
Opptakten blei gjort i 2017. Kulturrådet ga pengar i 2019. 2022 kunne utstillinga opnast på Stiklestad. Sidan har han vandra frå Helgeland i nord, Østerdalen i aust, Sogn og Fjordane i vest og like sør til Arendal og Skien.
Det har vore, og er, Nff sitt viktigste bidrag i arbeidet med å fremma norsk bunadbruk på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Den statusen fekk me i 2024. Vårt mål er framleis å få fleire til å bruka hovudplagg, både blant eigne medlemmar og den allmenne bunadbrukaren. Du kan lesa meir om vandreutstillinga her.

Anne-Margethe Myhre frå Suldal Husflidslag fortalde om pinnhuene som er spesielle for Suldal. Dei har ein rikdom av mannsluer med mønsterborder. Det er 30 år sidan dei laga eit prosjekt der dei kopierte 11 ulike luer frå Suldal. Det resulterte i eit hefte med oppskrifter på luene. I 2001 kom pinnhua på it frimerke, trykt i 50 millionar eksemplar. Ikkje mange hovudplagg kan skryta av det.
Nå stiller husflidslaget ut fleire av dei rekonstruerte luene og meir som fortel om prosjektet.
Ryfylkemuseet har meir å by på til dei som kjem på besøk. 2025 var året då heile landet markerte 200 år med utvandring frå Norge. Det starta med sluppen "Restauration" som drog frå Stavanger i 1825. Mange av dei som var ombord kom nettopp frå Ryfylke. Det var kvekarar eller haugianarar som hadde møtt motstand og diskriminering frå den norske statskyrkja heime.
Utstillinga er laga for at me kan reflektera over kva det vil seia å vandra ut frå heimlandet og kva det betyr å bytta heimland før og no.
Museet har samla mange historiar om dei som utvandra gjennom heile 1800-talet. Nå blei fokus satt på:
Kva hadde dei med seg?
I dag må mange forlata heimlandetsitt pga krig. Dei drar ofte utan stort av bagasje
Dei som drog frå Norge på 1800-talet hadde tid til å førebu seg. Og i seglskutetida kravde reisa til Amerika nøye planlegging og pakking. Ein måtte vera budd på både overfart som kunne vara i månader, ikkje veker eller dagar. Så kom nybyggjarlivet då dei skulle etablera seg og få noko å leva av.

Dei første som reiste fekk nok ikkje så mange råd. Men dei som drog over sendte brev heim og det blei skrive bøker. Ole Rynning skeiv i 1839:
De, som ville udvandre til Amerika, bør medtage,
a) Sengeklæder, Skind-og Vadmelsklæder, samt stampet Vadmel,
b) en Ba[ks]tehelle, en Rok, om muligt en Haandqværn, Sølvtøi og nogle Tobakspiber til Salg.
c) En Håndværker bør medtage sit Værktøi. [...] Gryde, Pande og Kjedel bør man have med [...]
Endnu engang maa jeg raade enhver at medtage noget til Beskjæftigelse over Søen, saa som Fiskeredskaber, Traad til at binde Fiskegarn af o.a.d.
(Ole Rynning (1839) ’Sandfærdig Beretningom Amerika, til Oplysning og Nytte for Bonde og Menigmand’)
.jpg)

Koss var dei kledde på 1820-talet i Ryfylke?
Her står ein flokk oppkledd i dei rekonstruerte draktene som er kvinnebunad frå Ryfylke og mannsbunaden der bakgrunnsmaterialet også er frå indre Ryfylke. Til bunadene kan me velga dei finaste stoff som er å få i dag. Dei som drog ut tok truleg med seg det dei hadde av høgtids og kvardagsklede – spesielt i den første tida.
For å sjekka mot det folk i Ryfylke hadde av klesplagg på 1820-talet, så har me henta ut opplysningar frå skiftemateriale som Bunadnemnda i Rogaland har samla. Her ser me t.d. at langbuksene var på veg inn fjordane, men knebuksene dominerte framleis. Karen på fotografiet viser at drakta med knebukse framleis var i bruk i 1866.
Utvandrarane tok med seg slike plagg til Amerika. Det har dei mange døme på i samlingane til Vesterheim museum i Dacorah, USA.
