Er du på reisefot så kan hende du legg du turen innom utstillinga vår? Me har laga 75 ulike hovudplagg som er henta frå folkedraktene våre og som du kan bruka til bunaden i dag. Utstillinga har vore på reisefot sidan mars 2022.
Under eit stilig arrangement i Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) i Trøndelag 19. mars 2022 vart hovudbunadutstillinga til Norsk folkedraktforum (Nff) opna. Før opninga spelte eit heilt juniorspelemannslag for dei 40–50 bunadkledde deltakarane frå Nff.
Avtroppande Nff-leiar, Jakob Bjerkem, ynskte velkomen og sa dette er ein del av prosjektet med å nominere norsk bunadbruk til UNESCOs representative liste for immateriell kulturarv.
Nestleiar i Nff og leiar av hovudbunadkomiteen, Helga Reidun Bergebakken Nesset frå Alvdal, fortalte at arbeidet med prosjektet starta i 2017.
– Hovudplagga er ein «missing link» i bunadbruken, og difor vart dette eit prosjekt for oss. 22 regionale grupper har vore i sving, og 70 hovud er no med i utstillinga. Me har laga eigen katalog, og poenget er å syne tradisjonell hovudbunadbruk. Takk til alle som har vore med, og takk for all kunnskapen som ligg bak, sa Helga Reidun Nesset.
Fylkesvaraordførar i Trøndelag, Tomas Iver Hallem (Sp) kom i feiande flott rekonstruert mannsbunbad frå Nord-Trøndelag og foretok snorklypping og den offisielle opninga. Men fyrst sa han at at me har felles sak, og at det «fyrste årsmøtet» i Trøndelag Senterparti skjedde her på Stiklestad i 1030…
– De gjer alle ein prisverdig innsats for folkedraktene og bunadene, og de set dei inn i ein historisk kontekst. Trøndelag fylkeskommune har skrive under på støtte til UNESCO-søknaden. Og personleg har eg også ein nært forhold til min bunad, som er laga av Berit Bjerkem og mi svigermor frå Valdres. Trønderane og det norske folket var opptekne av å kle seg, og bunad og folkedrakt er no det ypparste plagget til fest. Men det er for få karar i Trøndelag som brukar bunad. Eg vil vera ein ambassadør for bunader, og det skal bli spanande å sjå på hovudplagga i utstillinga. Gratulerer med årsmøtet og utstillinga, sa Tomas Iver Hallem – før han klypte snora saman med Helga Reidun Nesset.
Målet med dette prosjektet er å få hovudplagget i aktivt bruk i samsvar med tradisjon gjennom rekonstruksjon frå tradisjonell draktskikk med den opprinnelege håroppbindinga. Vi legg vekt på at hovudplagget får sin naturlege plass i drakta. Gjennom engasjement og kunnskap er prosjektet meint som ei historisk innføring, og til hjelp ved rekonstruksjon av bunadar. Prosjektet skal også føre til bevissgjering kring hovudplagget i dagens bunadbruk.
Utstillinga har fått støtte frå Norsk kulturråd.
Norsk folkedraktforum sette igang prosjektet i 2017 som del av arbeidet mot å få bunadbruk innskriven på UNESCO si representative liste over levande kulturarv. Den innskrivinga kom 5.desember 2024.
Det har vore viktig å samla folk rundt utstillinga på ulike stader gjennom desse åra. på kva stad har medlemmane i Norsk folkedraktforum teke del i ulike arrangement.
Den vidare reiseruta:
Rørosmuseet, Røros: 8.mars – 7. april 2025
Aukrustsenteret, Alvdal: 12. april – 20. mai 2025
Sigdal museum: 15. juni – ut august 2025
Ledig resten av hausten 2025
Ryfylkemuseet, Sand: februar - august 2026
Prosjektet vart sett i gang under Nff sitt haustseminaret i Luster i Sogn i 13. – 15. september 2019. Medlemmene i Sogn bunadnettverk danna lokalkomiteen for Nff si haustsamling. 25 medlemmar deltok. Det vart lagt mestvekt på start av Hovudbunadprosjektet i Nff. Prosjektgruppa Helga Reidun Nesset(leiar), Kirstine Prestmoen Tallerås og Sidsel Tischbein, presenterteprosjektet. Korleis sette saman lokale arbeidsgrupper? Korleis kan vi legge opparbeidet lokalt? Framdriftsplan.
Ein søknad om midlar var i juni sendt til Norsk kulturråd, og førte til ei bevilgning på kr. 200 000.
I den tradisjonelle draktskikken er hovudplagg eit naturleg kleplagg på lik line med til dømes trøye og bukse. Hovudplagget er eit svært synleg del av påkledninga med ein sterk symbolverdi, som framhever personlegdom og signaliserer sosial tilhørigheit og geografisk tilknytting. Det fortel om personen sin sivile status - om vedkommande er ung/gamal, gift/ugift og kva den personlege livsfasen er (nygift (t. d. unghustru), i sorg). Hovudplagget var ofte det siste som gikk ut av bruk i den norske folkelege drakttradisjonen og hovudplagga vart enkelte stader brukt saman med moteklærne etter at resten av drakten gikk ut av bruk.
Prosjektet ville samle, systematisere, informere om, skolere i og viseeksempel på ovannemnte. Hovudplaggprosjektet skulle omfatte plagg for både barn,kvinner og menn, og tek utgangspunkt i den tradisjonelle draktskikken. I dagens bunadbruk vil prosjektet gjelde dei rekonstruerte bunadane.
Resultat
Gjennom prosjektet har dei 22 lokale gruppenegjennomført følgjande punkt frå søknaden:
A) Teori, kjelder og kjeldebruk
- Brukt historiske kjelder til årekonstruera historiske hovudplagg og håroppbinding i ulike tidsperiodar.
B) Praktisk arbeid.
- Produsert modellhovud forutstillingsplagg, Produsert hovudplagga, Produsert bilder av plagg som ikkjeblir viste som modellar, Produsert esker/boksar for oppbevaring og transport,Produsert lokale informasjonsfolderar / plakatar, Produsert ein sentral informasjonskatalog
-
Vidareført funn til ferdig produkt
Gruppene har drive analyse av orginalmateriale, med materialeanalyse, mønsteravtaking, saum av lerretsmodellar, strikking av prøvelappar, saum/strikking av rekonstruerte hovudplagg til bruk i dag, knytting av skaut, finna historiske hattemodellar.
Dei har også fordjupa seg i historiske hårmotar som høver til hovudplagga, ut frå historisk kjeldemateriale og øvd seg på håroppbinding.
Nedsetting av lokale arbeidsgrupper
Vi delte inn landet i draktområder, slik at lokale/regionale grupper kunne arbeida med sitt/sine eigne hovudplagg, i tradisjonell forstand. Etter ei førebels inndeling var det ved slutten av året 2019 ca 20 arbeidsgrupper i gang.
Arbeidsgruppene la opp arbeidet ut frå statusen i bunadsarbeidet i sitt distrikt. Dei laga mange variantar av lokale hovudplagg. Dei arbeidde med kjeldemateriale og fann fram hovudplagg som ikkje har vore i bruk tidlegare. Dette ga grunnlag for lokale utstillingar som formidla den nye kunnskapen om hovudplagga i distriktet.
Det var til slutt 22 lokale grupper med tilsaman 57 medlemmar som har delteke i arbeidet med å laga 70 dokker til vandreutstillinga.
Til årsmøtet i Vestfold, 20. – 22. mars 2020, var planen at ein del modellar skal vera klare. Vi tenkte oss ei prøveutstilling der. Dersom denne verkar lovande, vil alle hovudplagga bli samla til ei nasjonal utstilling seinare. Dette årsmøtet måtte avlysast, pga. korona som førte til at landet blei nedstengt to veker før vi skulle vore samla.
Utstillinga har blitt vist på desse stadene:
Stiklestadkultursenter, våren 2022
Helgelandmuseum, Leirfjord, sommaren 2022
Helgelandmuseum, Vefsn, sommaren 2022
Maihaugen, Lillehammer: 5.nov 2022 til 15.januar 2023.
Vang folkebibliotek, Valdres: 25. jan til 4. mars 2023.
Museum Stavanger: 16.mars til ut september 2023
Hardanger folkemuseum, Utne: Midten av oktober – januar 2023
De Heibergske Samlinger, Kaupanger: 1.febr – 2.april 2024
Sunnfjord Museum, Førde: 14.april – 26.mai 2024
Nordlek i Arendal (Noregs Ungdomslag): 16. – 20. juli 2024
Glomdalsmuseet, Elverum: 22.juli – 4. august2024
Glomdalsmuseet, Trysil: 6. – 19. august 2024
Brekke museum, Skien: sept. 2024 – jan - 2025
Rørosmuseet, Røros: 8.mars – 7. april 2025
Aukrustsenteret, Alvdal: 12. april – 20. mai 2025
Sigdal museum: 15. juni – ut august 2025
Ledig resten av hausten 2025
Ryfylkemuseet, Sand: februar - august 2026