Utstillinga vår om hovudplagg er no på Raulandsakademiet, Telemark. Du kan besøka utstillinga til ut november. Utstilling av ikkje mindre enn 75 ulike hovudplagg til bunader frå heile landet, både for menn og kvinner. Og som vanleg har den lokale utstillaren lagt til noko som du berre ser her.
Utstillinga viser nysydde hovudplagg som er laga av medlemmane i Norsk folkedraktforum rundt i landet. Her er hovudplagg til både jenter, koner, gutar og menn. Alle høyrer til bunader som bygger på folkedraktene våre. Dei fortel om kor mange ulike handverkstradisjonar som våre formødre beherska. Her er det finaste broderi og vevde band. Det var ei kunst å stiva opp mange hovudplagg. Og det er mykje levande kulturarv i det å læra å kle på seg desse hovudplagga.
Nå har utstillinga vandra rundt - til 16 ulike stader pr. nå. Den vidare reiseruta er slik:
Raulandsakademiet: 1.oktober - ut november 2025
Du kan lesa meir om koss utstillinga har blitt til her:
Trykk på fotoet under for å sjå fleire. Alle foto: Raulandsakademiet og Sigdal museum.