Tida er inne for å tenka på haustseminaret vårt. Du finn lenke til program og påmelding nede på sida her i dette nummeret frå 31.mai 2024
Du kan også lesa om landskonferansen i Kulturvernforbundet der Målfrid og Camilla deltok frå styret. Hovudbunadutstillinga er på reis heile dette året. Kan hende kan du legga turen innom når du er på ferie. Styret skal ha møte på Jæren 11.–12.juni. Då skal me arbeida med nye nettsider, samarbeid med Ungarn og programmet for hausten m.m. Avgjera om å få Bunadbruk på UNESCO si liste over immateriell kulturarv skal skje i Paraguay i desember – og Norsk folkedraktforum skal vera der.
Savalen i Tynset, 6-8.september 2024
Les mer
Landskonferanse i Kulturvernforbundet på Hamar
Kulturvernforbundet held sin landskonferanse kvart anna år. Då samlast delegatar frå 31 frivilligeorganisasjonar som driv kulturvernarbeid av ulikt slag rundt i landet. På Hamar starta det med Innlandet kulturvernkonferanse på Domkirkeodden fredag. Målfrid Grimstvedt og Camilla Goffeng frå styret var med dei tre dagane.
Laurdag og sundag var det sett av tid til landsmøte. Det var meir enn rikeleg tid, sidan det ikkje blei lagt opp til gjennomgang av dei to årsrapportane eller andre tema. Men etter framlegg frå salen brukte me tida til at delegatane kunne sei noko kva som er viktig og krevjande for eigen organisasjon. Her kom det fram mykje aktuelt. Målfrid sa noko om Bunadbruk på UNESCO og kor viktig det er å legga til rette for fleire læreplassar for bunad tilverkarar. Lærebedriftene må få kompensasjon for å ta imot lærlingar.
Me var på ein flott tur med Skibladner på Mjøsa og gjekk i land ved Atlungstad brenneri. Der stod den norske akevitten i fokus.
Etter landsmøtet på søndag fekk me ei fin byvandring i Hamar med den humørfylte og originale tante Gerda som omvisar.
Eg reknar med at mange vil vera på reisefot i tida framover. Kan hende legg du turen innom utstillinga vår?
Frå 17.april til 10. juli står utstillinga vår på Sunnfjord museum, Jølstravegen 107,Førde.
16. – 20. juli er det nordisk folkedansstemne i Arendal. Då står utstillinga i Kulturhuset, saman med utstilling om folkedrakter og bunader i Agder, Knivmaking og sølvarbeid, utstillinga STING.
Her skal me sjekka om utstillinga vil vera open for andre enn dei 1 500 deltakarane frå Island, Færøyane, Grønland, Danmark, Sverige, Åland og Finland. Flott at me får vist utstillinga til våre nordiske vener. Målfrid vil vera Nff sin representant her.
Utstillinga går vidare til Elverum og Glomdalsmuseet. Her blir ho frå sist i juli til først i september.
God sommar!
Styret i Norskfolkedraktforum
Målfrid Grimstvedt Ellen Rundereim HelgeGudheim Astrid Tanem Husøy Camilla Goffeng
Varafolk: Lise Skoug Obel Magnhild Peggy Jones Gilje