Gode medlem! Me har hatt årsmøte i Nff og er godt i gang med eit nytt og aktivt år. Handverket i folkedrakt og bunad er i fokus når Kronprinsesse Mette Marit samlar vevarar til symposium i Dronning Sonjas Kunsthall 12.april. Mange av våre medlemmar er blant dei inviterte. Me ønskjer dei lukke til!
I dette nummeret kan du lesa om årsmøtet på Rjukan, der leiar og styremedlemmar blei attvalde, og me fekk eit nytt tilskot på varamannslista. Velkommen til Magnhild Peggy!
Målfrid og Helge har hatt ein spennande tur til Ungarn – noko me håper er starten på eit nytt prosjekt for Nff. Hovudbunad utstillinga vandrar vidare på Vestlandet.
Det er også på tide å planlegga kva de vil vera med på til hausten: Tur til Nord-Østerdal og med besøk i Hulda Garborg sitt rike i september og nye Fagdagar i slutten av oktober. Det er nok å sjå fram til! Les meir på dei neste sidene.
Sjølve årsmøtet samla 38 medlemmar og blei gjennomført utan store diskusjonar. Styret fekk ros for godt arbeid, noko som truleg også var grunnen til attval i styret. Lise Skoug Obel rykka opp til 1. varaplass og Magnhild Peggy Jones Gilje kom inn som 2. vara.
Styret sitt framlegg om å setta av inntil kr. 100 000,- til å utvikla ny nettside fekk støtte. Det same fekk samarbeidet med Hungarian Heritage House om eit muleg Erasmus + -prosjekt.
Samlinga på Rjukan vil nok bli hugsa best for seminaret laurdag. Tor Dale Svendsen og Olaf Nikolai Hansen si samling av gamle plagg frå Tinn var eit dykk inn i ein rik folkedrakttradisjon som var levande inn på 1900-talet. Han skil seg på mange måtar frå resten av Telemark. Men her ga Ellen Rundereim sitt foredrag om plagg på tvers eit spennande perspektiv på samanhangen mellom bygdene frå Tinn i vest til Valdres i aust. I tillegg fekk me møta gullsmed Sando og besøka verkstaden hans.
Målfrid Grimstvedt og Helge Gudheim frå Nff-styret reiste fyrste veka i april til Budapest etter invitasjon frå Hungarian Heritage House (HHH) – for å opprette kontakt med tanke på nettverksbygging mot ein framtidig digital plattform for draktformidling. Arrangementet var lagt til det ærverdige HHH-huset på Buda-sida i den ungarske hovudstaden.
Avansert læringsplattform
HHH gjennomførde på 2010-talet eit dokumentasjonsprosjekt med polyfone songtradisjonar frå Ukraina (www.pholyphonyproject.com). Torsdag 4. mars 2024 var lanseringsdagen for ein utvida digital plattform –denne gongen også med folkemusikk, men no basert på opptak frå Ungarn. Forskjellige musikalske framføringar blir tekne opp med avansert datateknolgi,slik at lyden frå kvart instrument eller sang kan splittast og høyrast på kvarfor seg. Opplegget produserer også notar til musikken. Men kanskje det aller mest spektakurlære ved opptaka er vidoane og lydopptaka av sjølve musikken.
Også for folkedrakter
Og i den samanhang kjem også folkedrakter inn i bildet, og det var difor me frå Nff var inviterte til å koma for å bli kjende med denne måten å formidle kultur på. Dei ynskjer i fyrste omgang to-tre deltakarland for å laga eit likande EU-prosjekt der tanken er å setja søkjelys på digitalisering av teknikkar knytt til hovudplagg til folkedrakter. Dette kan koma innunder«craft-me»-plattformen.
Representantane for HHH har så langt kalla dette for The European Headwear project. Ynsket er å få til ein digital undervisingplattform for å lære bort handverksteknikkar knytt til hovudbunader.
På sikt kan dette bli eit større prosjekt med fleire deltakarland, men i fyrste omgang er me i Norge inviterte til eit innleiande og mindre prosjekt saman med Ungarn. Dei har altså kome langt når det gjeld innsamling og publisering av folkemusikk, men derimot mykje kortare når det gjeld folkedraktene. Ungarn har framleis ein levande folkedrakttradisjon, men han er lite dokumentert.
Målfrid fortel at me i Norge er inviterte til dette samarbeidet særleg fordi me har kome langt når det gjeld registrering av folkedraktmaterialet, og digitalisering av vår kulturarv. Difor har ungararane bede om samarbeid med oss.
Vår hovudkontakt under besøket, Viktória Salgó, som er leiar for den internasjonale delen av HHH, fortel at det oftast er sjølve utviklingsarbeidet av denne typen prosjekt som er den mest arbeidssame. HHH ser for seg at ein fyrst utarbeider ei pilotprosjekt.
Innhaldsrikt opplegg
Målfrid hadde dessverre tett kalendar, og måtte reise heim fredag morgon. Men underteikna var med på arrangementet også fredag og laurdag. Me fekk høyre at HHH er eit statsdrive kulturhus med rundt 250 tilsette. Dei har mellom anna eit stort folkekulturelt danseensamble, Hungarian State Folk Ensemble, og me fekk oververa ei av deira framsyningar.
HHH arbeider også aktivt overfor rørsla dei kallar Dance House. Det oppstod på 1970-talet då profesjonelle folkedans-ensemble i Budapest fekk møta den folkelege dansen, dei ungarske runddansane. Då ville dansarane bruka dansen som samværsform. Det starta i det små, men er i dag noko som i dei seinare åra har fått god tilslutning mellom unge vaksne. Kvar laurdagskveld er det ein slik dansefest i HHH.
Elles driv dei dokumentasjons- og arkivarbeide. Dei arbeider mykje med å digitalisera analoge opptak av film, lyd og foto. Dei har også forskjellige utstillingar. 60 prosent av kostnaden med å drifte HHH blir betalt av den ungarske staten. Resten er eigne inntekter og prosjekttilskot.
Rundt 25 internasjonale gjester var inviterte av Hungarian Heritage House til denne helga. Fredag fekk me omvisingar på fleire av dei store musea i Budapest. Og om kvelden var me med på en Danse House-fest på eit forsamlingshus i utkanten av byen.
Ein gong i året blir National Dance House Fesitval (Táncház Festival) arrangert i eit stort, innandørs idrettsstation i utkanten av Budapest. Det skjedde den laurdagen me var på besøk, og festivalen samla rundt 10.000 deltakarar frå heile Ungarn. Her bølgja dansen på det gigantiske dansegolvet dagen lang, grupper spelte og dansa, det var salsboder, konsertar i mindre lokale og kurs og aktivitetar for barn.
Det vart med andre ord eit innhaldsrikt besøk, fullstappa med kulturelle inntrykk. Kva det på sikt kan føre til for Norsk folkedraktforum gjenstår å sjå. No var poenget å lære kvarandre å kjenne, og så vil framtida syne om detblir noko meir handfast utav den kontakten som er etablert.
Helge Gudheim
8. april 2024
I skrivande stund har Sogn bunadnettverk pakka ned utstillinga i Kaupanger. Ho er på veg til Sunnfjord museum. Der er Ann Lundekvam vår kontakt. Opninga blir ein gong i april og utstillinga vil stå hertil 10.juli.
Me ser fram til å møtast på Tynset 6.- 8.september. Helga Reidun fortalde då me var på Rjukan at me skal møtast på friluftsmuseet i Nord-Østerdal, før me drar til Savalen der me skal bu.
Sett av datoen. Påmelding kjem seinare. Av programmet kan me røpa:
Laurdag - Rundtur med buss. Besøk på Hulda Garborg sine bustader, Kolbotn og Veslevangen i Strålsjøåsen.
Presentasjon av dei rekonstruerte draktene/bunadene frå dei gamle prestegjelda
Tynset og Tolgen i Tynset kulturhus. Opearrangement.
Middag på hotellet om kvelden
Sundag - Kurs: Snor på snorgaffel; Hoseband på bandstong, lokalt namn er stongband eller pinneband.
Tema: Frå den store verda til norske bygder - MOTEIMPULSAR
Det blir påmelding etter sommaren. Då får me også eit detaljert program. Eg kan lova at dette vil bli spennande å høyra om tilhøve mellom folkedrakt og moteimpulsar.
Planen er at me skal prøva oss på draktanalyse. Og det blir småkurs.
Tananger, 9.4.2024
Målfrid Grimstvedt Ellen Rundereim Helge Gudheim
Astrid Tanem Husøy Camilla Goffeng
Varafolk: Lise Skoug Obel og Magnhild Peggy Jones Gilje
Klikk på bildet under for å sjå fleire.