Gode medlem! Det står mykje på programmet frammover og mykje har hendt. Les om Studieturen vår til Danmark i oktober, Fagdagane, nordisk draktseminar, Sør-Østerdal drakthistorielag, vev-nettverk i Nff, hovudbunadutstillinga, årsmøte på Toten og bunadfesten i april.
1. Studietur til Danmark
Styret arbeider med dei siste detaljane før me kan invitera til studietur. Hold av datoane 12. til 15.oktober! Då møtes me i København og bruker dagane til å besøka draktutstillingar, Nordmandsdalen og ikkje minst å vera saman med Anna-Margrethe Jonsson frå Danske folkedansere. Ho vil gje oss innføring i arbeidet dei driv på fleire plan. Ho vil også presentera oss for si eiga draktsamling. Me ser fram til eit djupdykk i danske folkedrakter.
2. Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes 25.-26. september
Programmet er i ferd med å ta form. Så de kan venta på invitasjon og program i juni. Sjå fram til eit spennande program der perler i bunad og folkedrakt vil stå på programmet – både teoretisk og praktisk.
3. Nordisk draktseminar på Island
Det blir arrangert nordisk draktseminar, vanlegvis kvart tredje år. No er det fem år sidan sist. Seminaret har deltakare frå alle dei nordiske landa,omlag 12 stk. frå kvart land.
Institutt for bunad og folkedrakt inviterer norske deltakare frå sinesamarbeidspartar til å delta.
Frå oss reiser leiar Målfrid Grimstvedt og Astrid Tanem Husøy. Styret har i tillegg gjeve stipend til bunadslærling Magnhild Peggy Jones Gilje, slik at ho også blir med. Nff fekk tilbod om fleire deltakare. Ein til meldte seg. Så me blir ein god delegasjon på Island første veka i august
4. Det skjer rundt i landet - Sør-Østerdal drakthistorielag
Det har i fleire år vore oppfordra til å få i gang lokalt eller regionalt arbeid innan Nff. Så då er det gledeleg at me kan lesa om Sør-Østerdal drakthistorielag som blei stifta stifta med stiftingsmøte, festmiddag og festtale. Styreleiar er Helga Møller Berg, styremedlemmer Heidi Glesaaen og Marit Odden og vara Inger Østli. Me ønskjer lukke til med arbeidet!
Er det fleire som kan melda om samarbeid i sitt distrikt?
5. Vev-nettverk har seks interesserte
I fjor spurde tekstilkomiteen i Nff på Facebook-sida om det var interesse for å få til eit nettverk for vevarar, og inviterte folk til å melde seg. Fem personar melde den gongen si interesse, og me sende e-post-adressene til dei – i håp om at dei sjølve tok tak i saka og knytte kontakt. No har me gjenteke invitasjonen, og fått ein vevar til som har meldt interesse. Om det er fleire, så send eine-post til helge.gudheim@online.no.
Nffs tekstilkomite ser si rolle i denne saka avgrensa til å vera ein kontaktskapar, slik at vevinteresserte kan finne saman. Dei to andre i tekstilkomiteen er Helga Møller Berg og Mona Løkting.
Me drøfter no om det kan vera aktuelt å laga ei Facebook-side som kontakt mellom vevarane i Nff.
Utstillinga vår har vore på vandring i eit år. Når ho kjem på ny stad blir det ofte laga til program som utdjupar tema hovudplagg. Ho kom til Stavanger i mars. Men då var det så travelt på museet at opninga blei ikkje markert særskilt. Difor laga me program 27.april. Bondeungdomslaget i Stavanger har ein brurebunad til utleige. Ellen frå Nordaker Bunader blei kledd opp. Så gjekk me inn iutstillinga «Huldresølv» der originalen, Hyls-kruna frå Suldal er utstilt. Her er me også foto av den gamle kruna som var i bruk til 1920-talet.
Utstillinga blir ståande i Stavanger til oktober. Då skal han til Hardanger folkemuseum, Utne før han våren 2024 går vidare til musea i Sogn og fjordane. I juli kjem han til Nordleik i Arendal. Hausten 2024 blir han å sjå i Oslo – på Det Norske Teateret om det går etter planen.
ÅRSMØTE PÅ TOTEN 17.- 19. mars
Mykje har skjedd sidan me var på Toten på seminar og årsmøte i mars.Der hadde ikkje vinteren sluppe taket. Takk til Ellen Rundereim som saman med Lise Talleraas planla og la til rette for eit innhaldsrikt og spennande seminar.
Me budde på Sillongen Toten hotell og hadde kurs, seminar og årsmøtet i Vollumfjøset på amtmannsgården Stenberg.
Nytt av året var at me inviterte til kurs i tilpassing fredag. Joar Vaagø og Camilla Goeffeng var lærare for åtte elevar som fekkhjelp til å tilpassa sitt eige plagg til kroppen. Det blei eit populært og nyttig kurs, fekk me høyra frå deltakarane.
Fredag kveld var det Medlemmanes time. Då fekk me sjå dei to rullane med handvove stakkestoff til ryfylkebunaden som Lise Skoug Obel har vove i vinter. Eli Olsen frå bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag tok imot. Det er ho som i si tid laga vevoppskriftene ut frå stoffbitar innsamla i Rogaland i 1745. Longs frå Kvåle blei etterlyst,og Astrid Lilleås sa at ho har eit lager. Dina Harkmark Lie etterlyser skospenner som ho ønsker å låna for kopiering.
Laurdagen var me samla til seminar. Evald Kvem frå Mjøsmuseet tok vel imot oss. Han gav oss ei innføring i tekstiler og bunader som er i museumseige.
Mette L Nymoen frå bunadnemnda på Hadeland som fortalde om bunaden som er prega av ein moteprega lokal klesskikk. Til denne vever dei mange variantar av lokale verkenstoff, alle vevd heilt i ull. Ellen Rundereim fortalde kva skiftemateriale kan gje av innsyn i drakta på Toten.
Lise Talleraas snakka om motens påverking av klesskikken og kunne visa oss spennande draktplagg i privat eige. Etter Peder Kihle Schønsby si engasjerte innføring i emne Toten-knivar fekk me ein ny forståing for denne handverksbygda.
Bjørn Bækkelund trakk fram arbeidsklede fråskogen. Det er plagg det ikkje finnes for mange av i musea.
Anny Strand tok oss med på oppdagingsferd blant lauslommar og luer. Mange detaljer skal på plass når ein vil kopiera broderi og annan dekor.
Evald Kvem var med på festmiddagen og underholdt med Prøysen-viser. Ein fin formidlar.
Sundag var det årsmøtet. Her blei ny formulering av paragraf 1 vedteken etter litt diskusjon. Resten av sakene blei gjennomgått utan store kommentarar.
Målfrid Grimstvedt blei gjenvalgt som leiar for eitt år. Helge Gudheim og Camilla Goffeng blei gjenvalgte for to år.
Jakob Bjerkem og Oddrun Larsen blei takka av som varafolk til styret. Me kunne ønska Ole Kristian Gundersen og Lise Skoug Obel velkomne som nye varafolk.
Bunadbruk på UNESCO –Bunadfesten i Oslo
Etter mange årsarbeid og vinterens intense søknadskriving, så kom bekjeden frå Kulturdepartementet 28.mars: Norge søker om at den norske bunadbruken må bliteken opp på UNESCO si liste over immatriell kulturarv.
Samarbeidet som Norsk folkedraktforum har med Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt ogStudieforbundet Kultur og Tradisjon har nådd ein stor milepæl.
Svaret får me i 2024, men arbeidet me å synleggjera god bunadbruk er noko me må arbeida med både fram til den tid og vidare.
26. april ba me inn til Bunadfest i Teatersalen i Oslo for å feirasøknaden og takka dei som har støtta arbeidet. Du kan lesa om festen her.
Styret i Norsk folkedraktforum
Målfrid Grimstvedt Ellen Rundereim Helge Gudheim Astrid Tanem Husøy Camilla Goffeng
Varamenn: Ole Kristian Gundersen Lise Skoug Obel