Nytt frå Nff 1-2024

Styret hadde møte på Skype 28. november. Då tok me m.a. ein siste gjennomgang av rapporten som blei levert Norsk Kulturråd innan 1.12. om hovudbunadprosjektet. Ellen førebur organiseringa av årsmøte og seminar for styret. Det kan de lesa nærare om her. Håper det er inspirerande lesing.

Hovudbunadutstillinga vår på Hardanger folkemuseum. Foto: Målfrid Grimstvedt

.

1.       Årsmøte og seminar på Rjukan 15.-17.mars 2024

Tinnbunad.

Helga 15.-17. mars 2024 samles vi til Nff-årsmøte og seminar på Rjukan hotell (nettside: rjukanhotell.com).

Årsmøtet blir søndag 17.mars kl. 9:00.

Valgkomiteens leder er AnnyStrand, anny@bunadtilvirkerne.no.

På seminaret lørdag skal vi få vite mer om drakttradisjonen i Tinn, Telemark som er et av områdene i Norge der folkedrakta var i bruk til langt inn på 1900-tallet. Dette er blant annet beskrevet av Aagot Noss i boka «Klesskikk i Tinn iTelemark - frå tinndølklede til tinnbunad, fra 1999.»

Kunnskapen om tilvirkingen og bruken av de lokale folkedraktene har vært prisgitt enkeltpersoner med særlig engasjement for dette feltet. På lørdagen har vi vært så heldige å få to av dem, kulturformidler Tor Dale Svendsen og styremedlem i Telemark husflidslag Olaf Nikolai Hansen, til å fortelle om drakttradisjonene i Tinn slik de har vært, og om arbeidet med å videreføre kunnskapen om dem.

Frå nettsida til Sando.

I tillegg vil vi få se deler av Tinnsamlinga – ei privat samling av eldre tinndølklede, tinnbunader, draktdeler og frihands rosesaum – en sømteknikk som har lange tradisjoner i Tinn.

Gullsmed Jørgen Sando på Rjukan forteller om lokalt draktsølv, og vi tar en luftetur til forretningen hans(nettside: sando.no) og til Dalebutikken (nettside: butikk.dalebutikken.no) med bl.a. garn og vev samt bunadtilbehør og -materialer.

 Nettips::Immateriell kulturarv.no Drakttradisjonen i Tinn.

På dag tid fredag kan du gå på kurs i «Snitt og tilpassing» med Anny Strand og Camilla Goffeng som lærare. Dette er kurset for den som står fast eller trenger hjelp med et plagg til seg selv. Deltakerne må ha med seg et påbegynt plagg.

Forøvrig inneholder helga som vanlig «medlemmenes time» fredag kveld og årsmøte på søndag formiddag med lunsj før hjemreise.

 Det kjem invitasjon med påmeldingskjema saman med sakspapira tidleg i februar.

2.      Rapport til Kulturrådet om hovudbunadprosjektet

Utstillinga i Valdres. Foto: Helge Gudheim

Dette prosjektet hadde ikkje kome i gang om me ikkje fekk bevilga kr. 200 000,- av offentlege middel i 2019. Det har vore ei storsatsing med mykje aktivitet i dei 22 ulike gruppene som har bidrege til dei 70 hovuda som er på rundgang. Prosjektet avslutta offisielt 1.september 2023.  Eg sendte ut eit utkast til rapporten til styringsgruppa og alle arbeidsgruppene for å få inn foto og info om arbeid undervegs. Takk til dei som bidrog. I tillegg samla eg alt som var lagt ut på Facebook. Her har me kunna følgja utstillinga på vandring rundt i landet.

Kulturrådet fekk sin rapport innan fristen 1. desember. Om han blir godteken, så får me utbetalt dei siste kr. 40 000,- til prosjektet.

3.      Hovudbunadutstillinga i Hardanger

Skaut frå Kvam. Foto: M.Grimstvedt

Er du nær Hardanger så har du enno tid til å få med deg vandreutstillinga vår på Hardanger folkemuseum, Utne. Der er ho open til 21.januar. Etter dette går ho vidare til Sogn og fjordane.

Her er det Agnete Sivertsen på museet som har stått for førebuinga og  gjennomføringa. Ho fekk med seg bunadfolk frå heile Hordaland for å utvida utvalet av hovudplagg. Då utstillinga opna 5. november var dei 70 hovudplagga blitt supplerte med 30 til.  Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland. På opninga fortalde Hanne Yndestad frå Norsk folkedraktforum om prosjektet som ligg bak utstillinga. Bunadtilverkar Oli Lilletveit fortalde om nokre av hovudplagga frå Hordaland, og Agnete Sivertsen fortalde om skautfelling og om hardangerskautet. Utstillinga fyller heile den store salen. Her kan me sjå film om skautefelling i Hardanger, eit prosjekt som museet arbeider aktivt med å føra vidare til nye generasjonar av skautefellare.

Styret i Norskfolkedraktforum

Målfrid Grimstvedt    Ellen Rundereim

Helge Gudheim   Astrid Tanem Husøy    Camilla Goffeng

Varamenn: Ole KristianGundersen  Lise Skoug Obel

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no