Godt nytt bunadsår! Her kjem invitasjonen til årsmøte med fagseminar og kurs – tre spennande dagar på Toten 17. – 19. mars. Håper mange finn vegen dit. Merk dato for påmelding: 18. februar med betaling innan 26. februar. De får tilsendt faktura for betalinga.
Me kan elles gled oss over at utstillinga vår er på god tur rundt i landet. Det er muleg av di mange, både medlemmer og andre, hjelper til. Her er det Helge Gudheim, Nff og Truls Strand, Maihaugen som pakkar ned utstillinga frå Vang i Valdres.
Fredag 17. mars 2023:
09.00 – 16.00 Snitt og tilpassing ved Joar Vaagø ogCamilla Goffeng
Har du eit plagg som du ønsker hjelp til å prøva inn? Om du står fast eller treng hjelp med noko du lager til deg sjølv, kan dette vera kurset for deg! Du må ha med deg eit påbegynt plagg.
Maks. 10 deltakere
Stad: Vollumfjøset, Stenberg, med innlagt lunsj
Kurspris: - kr. 1050,-
19.00 Middag
20.00 Medlemmene sin time
Laurdag 18. mars 2023
Vi er i Vollumfjøset, Stenberg frå 9:30 til 17:00
09.30 «Tekstil og bunad i Mjøsmuseetsgjemmer» ved Evald Kvem, Mjøsmuseet; om plagg i museumseie.
10.30 Beinstrekk
10.45«Motensinnflytelse på flatbygdene» Førstekonservator Lise Tallereraas, saman med Inger Mette L Nymoen frå bunadnemnda på Hadeland forteller om ein moteprega lokal klesskikk og verkenstoffer.
12.00 Lunsj i Vollumfjøset
13.00 Knivproduksjon og tradisjon på Toten Peder Kihle Schjønsby
I siste halvdel av 1800-talet utvikla knivmakeri seg til å bli ei viktig næring på Toten. Rundt år 1900 var det minst 70 personar som dreiv med slikt arbeid på Vestre Toten, og knivane herfrå finn ein igjen fleire stader i Norge. Peder Kihle Schjønsby har vunne prisar som knivmakar på Toten i våre dagar. I 2019 blei ein av knivane hans kåra til Norges finaste staskniv av Norges knivforening.
13.45 «Klær i skogen» v/ Bjørn Bækkelund, konservator på NorskSkogmuseum på Elverum
14.30 Kaffe/te
15.00 «Lommer, luer og saadant mere»: Anny Strand om lauslommer, luer og anna tilbehør til kvinnedrakta i Solør-Odalen på slutten av 1700-talet.
19.00 Festmiddag på Sillongen Toten hotell.
Evald Kvem underheld med Prøysen-viser. Utlodning (Ta gjerne med deg ei gåve til utlodninga)
Sundag 20. mars
09.30 Årsmøtet i Vollumfjøset
11.00 Kaffe på møterommet
Årsmøtet held fram
12.30 Lunsj
13.30 Heimreis
Invitasjon til årsmøte og fagseminar i Nff, Sillongen, Toten, 17. – 19. mars 2023
Vi har orientert/varsla alle medlemmer om årsmøte på Toten i «Nytt frå Nff nr 4-2022» datert 7.12.2022. Her informerte vi også om kven som sit i valgkomiteen.
I 2023 møtes vi til årsmøte, fagseminar og kurs i Norsk folkedraktforum på Sillongen, Toten. Her bur vi på Sillongen Totenhotell. Det meste av programmet vil føregå i Vollumfjøset på amtmannsgården Stenberg. Stenberg er ein del av Mjøsmuseet (mjosmuseet.no) og ligg 1300 m frå Sillongen. Her vil vi også spisa lunsj frå «Ditlevines Utsikt».
Årsmøtet er sundag 19. mars. Dagen blir avslutta med lunsj i Vollumfjøset.
Laurdagen er sett av til fagseminar. Vi er på flatbygdene der europeiske motar har prega den folkelege draktskikken. Vi får sjå og høyra om bevarte tekstiler både i museumseige og i privat eige, og om den lokale klesskikken og verkenstoffa. I tillegg blir det innlegg om knivproduksjon på Toten, klær i skogen, og om lauslommer, luer og meir til kvinnedrakta i Solør-Odalen sist på 1700-talet.
Vi har møta våre i Vollumlåven på Amtmannsgården Stenberg i Mjøsmuseet. Foto frå nettsida til Mjøsmuseet.
Fredag 17.mars har vi tilbod om kurs i snitt og tilpassing av eit plagg. Det er for dei som treng hjelp til eit påbegynt plagg.
Reise-informasjon: (Desse opplysningane er henta frå Vy-appen 24.1.23)
For dei som reiser med offentlegtransport:
Frå Oslo sentrum kan ein ta tog RE30 (Gjøvik) tilReinsvoll stasjon.
Derfrå går det buss 405 (Reinsvoll-Åsmarka) som ein tar til Granvang.Frå Granvang er det 1,5 km til hotellet.
Ellerein kan ta toget til Gjøvik og buss 404 Landheim-Kolbu... til Granvang.
Frå Granvang er det 1,5 km til hotellet.
Frå Gardermoen kan ein ta toget RE10 (Lillehammer) til Moelv stasjon. Derfrå med buss 100 (Gjøvik) til Gjøvik skysstasjon. Ny buss B46 (Kapp-Lena) til Lena skyssatsjon. Nybuss 442 (Kapp o/Åsmarka) til Granvang.
Frå Granvang er det 1,5 km til hotellet.
NB! På sundagen må ein ta drosje til Gjøvik for å få offentleg transport.
PÅMELDING sender du til:
Norsk Folkedraktforum v/ Målfrid Grimstvedt, Jåsundvegen 61, 4058 Tananger eller
post@norskfolkedraktforum.no innan 18.februar.
De vil få tilsendt faktura som må vera betalt innan 26.februar for at plassen er sikra.
Vi oppfordrar flest muleg til å bu på dobbeltrom, sidan det er begrensa tal hotellrom. Vi kan ikkje garantera at alle som ønskjer enkeltrom kan få det. Sei frå om du kan/kan ikkje ta enkeltrom i hytte som alternativ til hotellet. Etter 18.febr. vil de få beskjed om førstevalet av rom ikkje kan oppfyllast.
Opplys følgjande ved påmelding:
Namn:
Adresse/epost:
Type deltakaravgift: (Hotell/enkeltrom)
Ved val av dobbeltrom: Namn på den du vil dela rommetmed.
Kurs fredag: Ja eller nei
Inkludert i denne prisen er alle måltid inkl. festmiddag laurdag med program, møtekaffe og kaker, overnatting to netter m/frukost, alle foredrag.
Dei to hyttene ligg like ved hotellet. Frukost på hotellet og sengklede er inkludert i prisen. Prisane er låge avdi Norsk folkedraktforum dekker alle foredrag, husleige, festmiddagen laurdag og lunsj sundag.
Pris for kurs fredag: Kr. 1050,- kjem i tillegg
Tillegg for deltakar som ikkje er medlem: Kr 1500,-(Det er den rabatten medlemmene får.)
Alle sakspapir for årsmøtet blir sendt ut seinast 27.februar i samsvar med vedtektene – tre
veker før årsmøtet.
Vel møtt til årsmøte og fagseminar på Toten 17. – 19.mars 2023.
Tananger, 31. januar 2023.
Styret i Norskfolkedraktforum
Målfrid Grimstvedt, Ellen Rundereim, HelgeGudheim
Astrid Tanem Husøy Camilla Goffeng
Varamedlemmer: Jakob Bjerkem Oddrun E. Larsen