Norsk folkedraktforum (Nff) har ved starten av 2025 ca. 150 medlemmer, men prosentandelen av menn er liten – berre rundt ni prosent. Nff ynskjer å auke medlemstalet, mellom anna for å få større tyngde som organisasjon, og kanskje på sikt få statsstøtte for til dømes å kunne lønne ein deltidstilsett.
Men for å få til noko slikt, så treng me altså fleire medlemmer, og eit potensiale er å få fleire menn til å engasjere seg i bunadsarbeidet.
Det har lenge vore hevda at rundt 20 prosent av norske menn har bunad. Om det talet stemmer, så utgjer det rundt 550.000 menn med bunad.
Samtidig har det vore stilt spørsmål ved om bunadarbeidet i Norge og aktiviteten til Nff er for mykje prega av kvinnerelaterte aktivitetar til dømes i tema for foredrag og kurs. Spørsmålet er om bunadsinteresserte menn finn desse aktivitetane interessante eller relevante nok for sine interesser til å melde seg inn i laget?
Men utan å vera representert, så får ein heller ikkje vore med og påverka utviklinga. Så dersom fleire menn engasjerer seg og tek del i bunadarbeidet, så vil emna som blir tekne opp og arbeidde med på sikt også kunne endrast og rettast meir inn mot mannsrelaterte tema knytt til bunadene. Dette vil kunne handle om emna på fagdagar, seminar, foredrag og kurs. Menn er sjølvsagt velkomne på alle typar brunadrelaterte kurs landet over, men mange av dei vil nok vera dominerte av kvinnelege deltakarar. Det er også muleg å arrangere eigne kurs mynta på og tilrettelagde for menn, og det veit me at enkelte gonger har vore gjort – med stort hell. Her er Nff opne for alle variantar.
Nedanfor følgjer ei liste over emne som truleg vil apellere meir til den mannlege halvdelen av folket, og som det er muleg å trekkje inn i bunadsarbeidet:
* skinnarbeid/skinnklede – svenskane ser ut til å ha gjort mykje meir med skinnklede generelt, og ikkje minst skinnklede brukt i mannsbunadene. Skinnarbeid kan mellom anna handle om garveteknikkane og dekorsaum på skinn (lasksaum).
* mannshattane i bunadhistoria, og å få fram fleire hattevariantar.
* knivmaking og dei distriktsvise variasjonane.
* lommeur/klokker – kunnskapen om den historiske utviklinga.
* mannsbelte – mange stader her i landet var breie mannsbelte brukte i overgangen mellom 1700 og 1800, men få slike beltetradisjonar er til no rekonstruerte.
* mannskjolar (side frakkar) var brukte i store delar av landet på 1700-talet, men lite slikt materiale er rekonstruert.
* skotøy: skaftestøvlar, snøsokkar og sko laga av skinn med hår på.
* sylvsmedtradisjonane – før i tida var dei fleste sylvsmedar menn. Bør det haldast fleire kurs mellom anna for å rekruttere fleire menn?
* bunad-saumkurs (altså saum av sjølve kleda) særskilt tilrettelagde for menn.
* prøve å rekruttere fleire menn som bunadtilvirkarar og skreddarar.
* rekonstruksjonskurs spesielt mynta på menn, til dømes i samarbeid med Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
* stimulere til at fleire menn generelt sett skaffar seg og brukar bunad.
Klikk på foto nedanfor - så får du sjå fleire illustrasjonar.