Kvinnebunad frå Ryfylke

Ein bunad med preg av folkeleg rokkokko frå tida rundt 1800 frå Ryfylke i Rogaland. Utarbeidd av Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag på 2000-talet.

Kvinnebunad frå Ryfylke. Foto: Målfrid Grimstvedt

I 1982 ønska Eli Olsen å få seg ein bunad som var lett å pakka i kofferten når ho reiste på folkedansstemner. Målfrid Grimstvedt tipsa henne om ein stripete stakk frå Finnøy i Ryfylke. Dette blei starten på eit arbeid som tok omlag tredve år før ein fullstendig ny, rekonstruert bunad var klar. Undervegs blei det både vevd stripestakkar, og dei blei tekne dei i bruk medan resten av bunaden var under arbeid.

Stripestakken frå Finnøy på Stavanger museum. ST-K.0868. Eli vevde stoff til 10 stakkar på 1980-talet. Foto: NBF

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av 99x