Hulda Garborg - nasjonal strateg

Hausten 2024 var Norsk folkedraktforum samla til seminar på Tynset. Me besøkte hytta Kolbotn og garden Strålsjø - stader som var sentrale for Hulda Garborg. I forkant hadde Målfrid Grimstvedt denne innleiinga om Hulda Garborg. Kven var ho og kvifor blir ho knytta så tett til norsk bunadarbeid?

Arne og Hulda Garborg på Labråten, Asker 29.12.1910. Foto: Anders Beer Wilse / Norsk folkemuseum

Nasjonal strateg er Arnhild Skre sin tittel på biografien over Hulda Garborg frå 2011. Hulda og Arne stod sentralt i norskdomsarbeidet frå sist på 1800-talet og i dei første tiåra av 1900-talet. Det sprang ut av arbeidet for Landsmålet – nynorskskriftsspråk. Arne Garborg var den store forfattaren, men Hulda var også forfattar og samfunnsdebattant gjennom mange tiår. Arne Garborg arbeiddde for å fremma landsmålet eller nynorsk som me seier i dag. Hulda støtta dette, men ho var ei bydame som ikkje fekk landsmål som sitt naturlege språk. Eg har lese biografien om henne på nytt denne sommaren for å få tak i kor forfattaren meiner arbeidet med bunad passar inn i Hulda sitt strategiske arbeid for norsk kultur. Og kva var dei viktigaste kvalitetane.

Her har me ha fokus på bunadarbeidet. Og eg refererer også til andre kjelder enn Arnhild Skre.

I utgangspunktet er eg einig i at Hulda var ein nasjonal strateg også på bunadfeltet. Ho må ha vore ein karismatisk person –ein som fekk folk med seg – ga dei tru på det ho sa og som støtta dei, i deira innsats.

Eg har i 50 år snakka om den broderte bunadmodellen som hennar viktigste bidrag til utviklinga av lokale bunader gjennom heile 1900-talet. På Sunnmøre hadde dei laga broderte bunader sidan slutten av 1800-talet. Dei er bygde på lokale tradisjonar, slik Ann Kristin Moehar skrive om. Men Hulda gjorde noko anna. Ho fekk konstruert den første bunaden med eit lokalt broderi – eit eller feire broderte plagg som ikkje blei brukt som kopi, men som inspirasjon til broderi, spreidd på store deler av bunaden. Det var då ho i samarbeid med Aksel Waldemar og AnnaJohannesen i Heimen utforma kvinnebunad frå Valdres i 1914.

Men ein ting er å hjelpa kvinnene i Valdresmed ei slik utforming – noko anna er at dette blei malen for bunader over det ganske land. Det er her strategens arbeid kjem inn. Så la oss sjå kva Arnhild Skre seier om det.

Hulda var fødd i 1862 på ein storgard på Hedmark, men foreldra blei skilt og ho vaks opp i fattige kår.  Ho fekk ingen formell utdanning ut over folkeskolen.  På Gløersens pigeskole i Hamar fekk vesle Hulda ein lærar som vekte interessa hennar for nasjonal kultur. Saman med andre radikale ungekvinner vanka ho på 1880-talet i det intellektuelle miljøet i Kristiania Arbeidersamfund, der ho vart kjend med framskrittsvenlege politikarar og kunstnarar, blant dei Arne Garborg. Dei to fann tonen og gifta seg i 1887.

I morgon skal me reisa til Kolbotn der Hulda og Arne Garborg budde i fleire år. Det var frå 1887- og utover 1890-talet. I desse åra reiste dei også mykje i Europa og budde m.a. i Berlin i lengre tid. Det var på mange måtar ei tid for læring og utvikling for Hulda. Ho blei m.a. opptatt av Rousseau.

Sonen, Tuften, døypt Arne Olaus Fjørtoft Garborg, blei fødd då dei budde på Kolbotn.  I 1897 flytta dei til Labråten i Asker,der Garborg-paret vart sentrum i den såkalla Askerkretsen av kunstnarar og forfattarar.

Det var etter at dei kom til Asker at Hulda kom i gang med norskdomsarbeidet. Arne Garborg var ein etablert nynorskforfattar. Språket – Landmålet eller nynorsk som me seier i dag, det varhovudsaka i arbeidet med å bygga norsk kultur for han. Arne Garborg ivra for åfå eit teater som spela på nynorsk. Eit reint norsk teater. Det var blei også Hulda sin draum. Ho var eit teatermenneske og ho var forfattar. Ho har skrive mange teaterdrama – nokre få på nynorsk – då måtte Arne hjelpa henne med språket. Ho skreiv på riksmål, som var hennar eige språk heile livet. Men ho arbeidde samtidig for å fremma nynorsk – landsmålet.

Ho irriterte seg over at landsmål og dialekt ofte vart skamfare av skodespelarane. Som pioner gjekk ho tidleg inn for eit heilt reint landsmålsteater. I 1895 blei ho leiar, instruktør og skodespelar i Det Norske Spellaget, som blei det første riksteateret i landet. Turneane var ein stor suksess, trass i pipekonsertar i nokre byar.

Det Norske Spellaget vart forløparen til Det Norske Teatret. Saman med mellom andre ektemannen var ho med på å grunnleggja Det Norske Teatret i 1912, og Hulda vart samstundes den fyrste styreleiaren for teateret. Hulda Garborg sitt eigestykke Rationelt Fjøsstell var ein del av opningsframsyninga for teateret i 1913.

Men sidan Hulda ikkje sjøl snakka dialekt eller landsmål, så var det på andre felt at ho arbeidde for norsk kultur. Gjennom tida på Kolbotn lærte ho mykje om norsk matstell frå bondekvinnene som hjalp ho som ung husmor. Ho var opptatt av kosthald og mat og ivra for norsk bondekost. Men også her på bygdene hadde dansketida og industrialiseringa vunne fram og øydelagt mykje av det norske. Det var ting som måtte reinskast ut.

Hulda var også oppteken av klesskikk. Hardangerdrakten hadde like frå 1860-70 talet blitt teken i bruk som kostymedrakt og nasjonalsymbol. Hulda hadde også kledd seg i den. Det finnst også andre foto av Hulda i folkedraktplagg frå 1890-åra. Ho blanda friskt draktplagg frå ulike bygder til sin eigne drakt. Og ho kledde skodespelarane sine i nasjonale drakter i dei mange teateroppsetningane ho regisserte.

Norske folkeviser

Hulda hadde sidan barndommen vore glad i dei norske folkevisene, og menn som Molkte Moe, Jørgen Moe og Landstad samla inn og skreiv dei ned, slik folkloristar gjorde i Sentral-Europa etterkvart som ideane om folkesjela breidde seg frå romantikken og den franske revolusjonen.

Hulda Garborg saman med Leikarringen til Bondeungdomslaget i Oslo, 1902. Foto: Narve Skarpmoen / Norsk folkemuseum

Problemet var at folk i Norge hadde gløymt folkevisene. Koss kunne ein få dei tilbake i bruk? Då Hulda begynte å arbeida med teater på 1890-talet kom ho på at den gamle visedansen kunne brukast til å gjenoppliva visene. Molkte Moe fortalde henne at det hadde blitt dansa til visene og slik dans levde framleis på Færøyane. Tidleg i 1902 fekk ho mannen sin, Arne Garborg til å halda eit foredrag om nordisk folkedans. Arne fekk boka til dendanske folkloristen Thuren. Han skreiv om dansen på Færøyane og at det der også fanst ein gammal nordisk balladedans i levande tradisjon.   Sjølv hadde ho alt i eitt par år begynt å øva inn dansetrinn med ei venninnegjeng hos Kitty Kielland. Men nå kunne ho bygga vidare på kunnskapen om dansen. 7. mars 1902 hadde Bondeungdomslaget i Oslo norsk marknad, der Arne Garborg heldt foredrag om folkedansen og Hulda saman med venniner i nasjonaldrakter song og dansa Knut Liten og Sylvelin, Per Spelemann og Tosten tala med staven sin. Mellom 500og 600 menneske var møtt fram for å sjå. Mange måtte stå utanfor.

Seinare på året reiste ho til Færøyane for å læra meir om songdanstradisjonane der. Frå 1890-talet tok Hulda i bruk folkedraktene i teater og dansesamanhang. Men nå gjekk ho grundigere til verks med draktene. Ho ønska å få dansen i bruk for å få folkevisene i bruk. Og til framsyning var det viktig med høvelege drakter.

Bunad

I 1903 kom boka Norsk Klædebunad. Her presenterer ho folkedrakter frå Setesdal, Hardanger, Hallingdal og Telemark saman med mannsdrakter frå Telemark, Sunnhordland og Færøyane

Ho forklarer koss folkedraktene i ei bygd endra seg over tid. Ho skriv: "Men moten hev skift i bygdine etterkvart, i smaae tid som og i store. Eit serskilt godt døme hev me fraa Sætisdal, der langbroki dreiv burt knebroki for ikkje meir enn 70-80 aar sidan (1820-1830). Og ettersom broki arbeidde seg uppetter, rømde trøya uppetter med. Paa same maaten gjekk det med kvendebunaden i ymse bygdir, som i Sætisdal, Numedal, Halligdal o.a. Daa den lange «empirestakken» (fraa «keisardøme» eller Napoleonstidi) kom,vart den lange trøya uhøveleg. No er ho stutt som ein spansk «bolero»."

Ho skriv vidare om kva ein må ta omsyn til når ein skal ta opp folkedraktene til ny bruk – som det å bruka han i den nye tida er. Ein  høgtidsbunad høver ikkje å bruka til arbeidsbunad. Det er nok eit spark til dei mange hardangerdraktene som blei brukt av serveringspersonale på turisthotella.

Men så skriv ho vidare: «Hugse maa ein og at stilløyse, blanding av formir eller fargar som ikkje høver i hop, er meir enn ille, naar ein hev med noko so sermerkt aa gjera som norsk klædebunad. Ein annan ting er det, at me kann lempe på sumt smaat som fell oss ulaglegt, naar berre ikkje samanhengen, «stilen» vert broten."

Ho er open for å stilla seg til dommar over folkedraktene, når det ikkje passar inn i hennar syn på kva som er norsk.

Det er to bunader å festa seg med i heftet frå 1903. Ho kritiserer dei mange dårlege Hardanger draktene. Men ho var nok ikkje spesielt glad i at nettopp denne folkedrakta fekk så stor utbreiing. Hulda var opptatt av filosofen og forfattaren  Roussau  frå 1700-talet. Han argumenterte for det naturlege – også i klesdrakta. Korsettet eller snørelivet som alle velkledde kvinner stramma seg inn i sist på 1800-talet var også noko som passa under Hardangerlivet. Det likte ikkje Hulda. Då var det noko anna med folkedrakta i Hallingdal. Der hang stakken frå eit lite og høgt liv og med stor vidde. Hallingdrakta frå Gol var den folkedrakta ho var særleg glad i. Det er ei drakt etter hennar smak.

Hulda Garborg i sin versjon av folkedrakta frå Gol i Hallingdal. Foto: Ukjent / Musea i Nord-Østerdal

Sitat: "Han er lettare enn Setesdal-stakken. Det same gjeng um heile bunaden. Han er framifrå ven, og ein kan med god vinning taka han i bruk, um ein bur i eller utanfor Hallingdal. …. Noko tung kan han vera for mange. Og det er ikkje godt,men so kan ein sauma han med verken og med færre rukker enn han vanleg hev. …like eins vert han meir etter vaart hovud no for tida om me tek burt rukkinga framme  og let kjolen vera jamn under det rukkute, lange forklæde, som rekk like upp til det vesle berestykke."

Hulda har med eit foto av seg sjølv i denne bunaden og gir følgjande kommentar: «Paa bilete er kjolen snedd i sidene ved forbreiddi; men forklæde løyner saumane, so det gjer ikkje noko. Og altfor smaaplente skal me ikkje vera. Me fær lempe der lemping trengst; daa held me lettare uppe det gode i det gamle. So hev dei stelt seg fyrr og. Det gjeld berre um at stilen ikkje vert skjemt eller heilskapen skipla.

Det siste om å halda på heilskapen – kan me jo skriva under på. Men det er jo eit spørsmål om skjøn. Kor mykje kan ein kan forenkla før det går ut over nettopp denne heilskapen i drakta.

Hulda er inne på det også. Ho skriv at ein ikkje må blanda inn bystas eller bymotar. Det er fælt når dei t.d. bytter bort den gamle skjorta og bruker eit liv med ermar frå nåtida og saumar etter snøreliv. Ta då heller heile bykjolen, skriv Hulda. Er det dei farga underskjortene som kom i bruk i folkedraktene i Telemark, Hallingdal og Numedal sist på 1800-talet ho her viser til? Ho var på ingen måte redd for å setta seg til dommar over den levande folkedraktbruken i si eiga samtid.

Hulda tar også til orde for å bruka hovudplagg til bunaden. Ho kritiserte «rullegardina» ned i pannen som mange jenter brukte saman med bunaden. Her skriv ho: «Likso fæl som snørliv til heimebunad er den bustute haar-skipnaden som i det seinste hev vori so i bruk. Tenk, halling-eller hardingbunad, og dertil eit forhengs (gardin)haar rundt hovude som eit briskbruse til burtløyning av hovudformi! Sjuskut og ulikleg ser det ut."

Ho brukar fleire ord for å skildra si missnøye med pannehår både til kvardags og til fest. Skriv så at ho denne sommaren til og med hadde sett at jentene i Hardanger hadde tatt i bruk det.

Heftet «Norsk klædebunad» frå 1903 blei spreidd over landet. Utover på 1900-talet blei Hulda Garborg ein reisande ambassadør i folkedans og bunadarbeid. Ho heldt eit uttal dansekurs rundt i landet. I tillegg lærte ho opp dansarane i Bondeungdomslaget i Oslo til å bli så erfarne, at dei kunne hjelpa henne som danselærare. Det var gjennom BUL Oslo at Klara Semb kom med som danselærar og rettleiar i bunadarbeidet.

Dei fleste dansekursa rundt i landet blei avslutta med ein fest der deltakarane blei oppfordra til å finna fram lokale gamle klede og kle seg i bunad. Det blei nok ofte starten på arbeidet med å få lokale bunader rundt i landet. For Hulda såg verdien av å bygga på lokale tradisjonar i norskdomsarbeidet.

Ho arbeidde aktivt med å få ungdommen til å sy seg bunad. I 1917 ga ho ut heftet Norsk Klædebunadi ny og utvida utgåve. Her ser me tydleg kva ho la i omgrepet «tidhøveleg». Ho var ikkje redd for å endra den lokale folkedrakta når ho meinte at han ikkje passa inn i samtida. Ho kritiserer dei folkedraktene som har blitt endra i nyare tid når ho meiner at det har blitt dårlegare. Me må ikkje endra utan at me gjer det til noko betre, skriv ho. Enkelte drakter er så tunge og upraktiske at dei måtte forsvinna: «En dragt kan i mange tilfælder beholde sin skønhet og sit særpræg, om den forenkles litt; det har vi i senere år bl.a. gjort med golsdragten og den populære heddalsdragt, og der er visst bare en mening om, at de i sin tillempede form er både vakre og bekvemme» skriv ho i Stavanger Aftenblad i 1918.

Ein annan bunad i heftet har sett ennå større spor i bunadarbeidet. Det er her ho presenterer den nye kvinnebunaden for Valdres;  ein mørklivkjole i ullstoff med lokalt ullgarnsbroderi. Dette var den første konstruerte bunaden, fritt komponert ut frå gammalt draktmateriale. Dette blei den broderte bunadmodellen. Han fekk mykje å sei som modell for andre bunader rundt i landet.

Eg tenker at desse forenkla bunadene som ho la fram, med snittmønster og råd om kor ein kunne få kjøpt materialpakkar til broderi: Det var eit viktig grep for å få bunadene i bruk rundt i landet. På dette feltet moderniserte Hulda produksjonen og omsettinga av draktene.

Hulda Garborg har blitt mykje sitert på at bunaden måtte vera «tidhøveleg - kan ikkje vera alltid eins». Ho var ikkje redd for slik å retta på folkedrakter som framleis var i levande tradisjon, som folk brukte. Her opptrer ho som representant for den norskdomseliten ho og Arne Garborg var sentrale i. Ho var ein autoritær som belærte ungdom i bygder der folk ennå gjekk kledde i sine tradisjonelle folkedrakter. Dei fekk høyra at deira eigen draktkultur ikkje var god nok til å bruka i det moderne norskdomsarbeidet.

Eg kan ta eit eksempel frå Flesberg i Numedal,der eg sjølv har gjort feltarbeid og skrive mi magistergradsoppgåve. Der gjekk alle kvinner stakkekledde til rundt 1910, og dei som var godt vaksne på den tid gjekk stakkekledde livet ut, dvs til 1960-talet.

Jenter frå Flesberg som gjekk på folkehøgskule rundt 1920 lærte folkedans og skulle kle seg nasjonalt. Men då tok dei ikkje fatt i stakkekleda som dei kjendte heimanfrå. Dei sydde seg "nasjonalen" frå Hardanger. For trass i at Hulda tok i bruk folkedraktene frå Hardanger og Hallingdal i sitt arbeid for norsk kultur, så oppfatta ho i starten ikkje at alle folkedrakter kunne brukast i dette ideologiske arbeidet.

Klara Semb var i bygda i 1928/29 og i 1934 og hadde dansekurs. På festen som avslutta kurset blei ungdommane som vanleg oppfordra til å kle seg i bunad. Etter første kurset var jentene helst kledde i Hardanger og Hulda -drakter. Nokre av guttane hadde lokal gråtrøyeklenning. Ved neste kurs var det ein del jenter som lånte seg gamle flesbergklær.  Fleire av ungdommane hugsar koss Klara Semb oppfordra dei til å bruka den gamle tradisjonsrike bunaden dei hadde i bygda. Då skulle dei ikkje bruke etterlikningar eller det nyaste i folkedrakten, men ta vare på det eldste. Det var lokale krefter som arbeidde for å få i bruk ein kvinnebunad frå Flesberg frå 1930-åra. Men i mange år framover var det berre mannsdrakten som passa inn i det moderne bunadbildet. Flesbergstakkane kom ikkje i bruk som bunad før fleire tiår seinare. Dei var for enkle og mørke, dei mangla det prangande broderiet som var populært til bunadene. Det same var tilfelle lengre oppe i Numedal der skjælingsdrakten var i bruk på 1800-talet.

Slik prega Hulda Garborg sitt bunadsyn mange bygder. Men dette var ikkje eit eintydig syn. Både i heftet frå 1903 og 1917 kritiserer ho dei mange dårlege utgåvene av hardangerdrakta, avdi han braut med tradisjonen. Samtidig lanserte ho både ei forenkla utgåve av halligdrakten og den konstruerte valdresbunaden.

Det kan tolkast som at ho sjølv hadde kunnskap og autoritet til å gjera endringar, men at andre ikkje kunne gjera dette. Her ligg det meir bak. Hulda følte seg trygg på at ho kunne gjera dette fordi for henne var bunaden del i eit større prosjekt – dansen, drakten og språket var noko ho formidla til ungdommen frå bygdene for å gje dei danning og utdanning i det norske. Dei skulle bli stolte av eigen kultur, som stod i opposisjon til den dansk-norske bykulturen, embetsmannskulturen.

Nå er det fleire sider av overgangen frå folkedrakt til bunad. Folkedraktene er ikkje berre materielle gjenstandar – det enkelte plagget. Samansettinga, bruken og måten dei blei endra på i den enkeltebygda var del av ein omfattande bygdekultur som fortel om økonomi, sosialstand, kulturell posisjon, religion og ekteskapleg posisjon.

Hulda hadde rett når ho påpeika at me ikkje kan vidareføra heile folkedrakt-tradisjonen til det me i dag bruker som bunad. Det er draktplagga og samansettinga av desse som lettast lar seg kopiera. Det drakten fortel om økonomi, sosial stand, kulturell posisjon, religion og ekteskapleg status er noko som ikkje lar seg vidareføra på same måte.

Eg skal avslutta med å oppsummera:

Koss var Hulda ein nasjonal strateg i bunadarbeidet? Her er eg einig i Arnhild Skre si vurdering. Hulda var teatermenneske og strateg. Ho tenkte scenisk og ho var ein gjennomførar. Ho aksepterte autentisitet – at bunaden skulle bygga på folkedraktene, men ho hadde også tankar om gjenføding av det som var ute av bruk og vidareføring av den gamle norsk kulturen – slik ho ville ha han.

Der det var vanskeleg å gjenoppliva gammal folkedrakt – av mangel på kjeldemateriale eller der ein ikkje lika det ein fann, der landa Hulda på det pragmatiske – det som var lett å gjennomføra. Vegen for henne var det «tidhøvelege», det rimelege, og lettsydde. Og ho lukkast i denne strategien. Bunadene blei tatt i bruk. Dei nye bunadene var ikkje autentiske, men dei fekk innpass i lag med ei gryande forestilling om at ei tradisjonsbasert drakt burde alle bygder ha. På kort sikt førte bunadarbeidet henne til mykje rart, men på lengre sikt opna det for ei fruktbar og robust kulturutvikling.

Så langt Arnhild Skre.

Eg har parallelt med å lesa biografien om Hulda også gått systematisk gjennom fleire årgangar av vekebladet For Bygd og Byog samla det dei skriv om bunadarbeidet. Utover på 1920-talet er meldinga klar. Bladet ber lesarane om å melda frå koss det går på folkehøgskulane. Der var det vanleg at jentene sydde seg bunad. Og her ser ein frå mange kantar av landet at dei først sydde seg Nasjonalen og Hulda Garborg-drakter, men så snart det kom ein bunad frå deira eigen bygd, så var det denne dei fleste sydde seg.

Dette var ein genial måte å spreia den nye kulturen på. Jentene tok bunaden med til sine bygder og til byen. Dei brukte bunaden og fekk andre til å ønska seg ein. Sidan dei sjølve hadde sydd sin bunad, så kunne dei nok hjelpa andre. Og når Klara Semb kom til bygda og tilbyen for å halda dansekurs, så oppfordra ho dei til å arbeida vidare med bunaden. Men det er ein anna historie.

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no