Drakthistorie i Hardanger

Johannes Flintoe var i Hardanger i 1822 og møtte presten Niels Hertzberg (1759-1841) på prestegarden der han såg akvarellane som han har brukt i si framstilling.

Tre av Niels Hertzbergs akvarellar frå 1817. Kjelde: Norsk folkemuseum

På akvarellen frå Kinsarvik står ein eldre mann i ei grå kufte til å trekka over hovudet, med stølebelte rundt livet. Vi hentar detaljane i drakta frå Flintoe sin versjon som har fargar.  I halsopninga ser vi noko raudt som Aagot Noss tolkar som ein raud bul – eit ermelaust plagg som blei hekta saman i sida. Buksene er kvite leistabrøker. Han har kvite, spøtte leistar (korte sokkar) med fleirfarga mønsterbord i øvre kanten. I handa held han eit par vantar, som truleg er nålebundne. Til saman er mannen kledd i ein drakt som er prega av draktskikken frå mellomalderen, dvs. fleire hundreår tidlegare.

På same tid, tidleg på 1800-talet, står brudgommen i smale knebukser, kvit skjorte med først ein blå vest, så ei raud, truleg langerma vest med ein laus vamp utanpå. Denne draktskikken er prega av draktskikken frå ulike tidsperiodar. Den mørke utanpå trøya, vampen er eldst. Han har anar tilbake til mellomalderens kjortel. Så har brudgommen to plagg til – anten ermelause eller langerma vestar. Det er plagg som kom  på moten med  rokokkoen på 1700-talet. Den smale knebuksa kan også førast tilbake til denne tida.

Den unge jenta står berrerma i det raude livet med bringeduk. Denne drakta kjenner me igjen gjennom heile 1800-talet i Hardanger. Kvinnedrakta med liv og stakk har opphavet sitt på 1400-talet. Brystduken går tilbake på moten i renessansen. Den norske brystduken finn vi mange stader i landet. I Hardanger har dei vore i ubroten tradisjon like inn i dagens bunader. Og dei finnst i eit utal variantar, noko t.d. Hardanger folkemuseum viste i si utstilling av 1000 gamle bringedukar.

Vi kan halda fram me å sjå på dei ulike elementa i folkedraktene. Kvar del av drakta har si historie. Slik skil dei seg frå dagens draktskikk, der vi lett skiftar ut heile drakta på ein gong.

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no