Dei første rogalandsbunadene blei utforma av Magnus Våge rundt 1920. På 1980-talet tok Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag fatt på revisjon av mannsbunaden, og etterpå utarbeidde dei den rekonstruerte kvinnebunaden frå Ryfylke. Begge prosjekta var i samarbeid med Bunad og folkedraktrådet.
Bunadnemnda i Rogaland starta arbeidet med å revidera mannsbunaden som har vore i bruk i Rogaland sidan 1920-talet. Det var måten bunaden blei sydd på, samanlikna med dei bevarte folkedraktplagga som gjorde at ein ville laga ein ny, rekonstruert bunad. Dei første bunadene blei sydde av skreddare som "moderniserte" plagga ut frå den standarden dei la i sitt arbeid. Skilnaden mellom folkedraktplagg og bunaden blei difor stor.
Bunadnemnda fann folkedraktplagg på Stavanger museum, Haugalandmusea og i privat eige som var lik bakgrunnen for den første bunaden frå 1920-talet, dvs. plagg frå indre Ryfylke brukt i første del av 1800-talet. Arbeidet blei gjort i samarbeid med Bunad og folkedraktrådet. I 1986 vurderte dei den nye bunaden og gav ei fråsegn. Her står det at bunaden støttar fullt ut krava ein set om at plagga som er kopierte skal høyra til same drakttype og område med same draktskikk. Dei skriv vidare at materiala i bunaden er av god kvalitet og i samsvar med det som er i dei gamle plagga. Snitt og saumarbeid i dei gamle plagga er særmerkte og av høg kvalitet. Dette er godt kopiert i dei nye plagga.
Du kan lesa meir om bunaden på heimesida til Rogaland Ungdomslag her. Der kan du finna ut meir om du vil skaffa deg denne bunaden på kurs eller frå ein forhandlar.
Det ligg mykje arbeid bak kvart enkelt draktplagg for at kopien skal bli mest muleg lik originalplagget. Bunadnemnda var på Haugalandmuseet i 2020 for å sjekka oppskrifta si på mannssokken. Her kan du sjå filmen som besøket.
Her ser du litt om kordan ein første kursdag kan vera når Bunadnemnda i Rogaland held kurs.
Du kan lesa meir om kursa her.
Den broderte bunaden som er i bruk i dag i Rogaland bygger berre delvis på det gamle draktmateriale. Så Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag begynte på 1990-talet å leita etter meir kunnskap om koss kvinnene i Rogaland gjekk kledde i eldre tid. Då hadde eit av medlemmene i nemnda, Eli Olsen alt kopiert ein stripete stakk frå Finnøy som er på Stavanger museum. Nå sette dei igang med eit breiare arbeid i samarbeid med Bunad og folkedraktrådet: Registrerte draktplagg i privat eige og på museum, leste skifteprotokollar, fann illutrasjonar mm. NBF ga råd som Bunadnemnda følgte.
Resultatet blei ein kvinnebunaden med bakgrunn i høgtidsdrakta til kvinnene i Ryfylke frå tida før og etter 1800.
Denne høgtidsdrakta er prega av rokokko-moten frå Europa på 1700-talet. Det var ei tid med fargeglede. Folk kledde seg i ei blanding av fine stoff produserte i utlandet og heimelaga tekstilar, alt etter kva dei hadde råd til og kunne skaffa seg. Nå sys det bunader der ikkje to er heilt like. Forma er den same, men stoff og fargar varierer, dels etter eige ønskje, dels etter økonomi og kva som er muleg å få fatt i.
Vil du vita meir om denne bunaden så gå hit. Det er heimesida til Rogaland Ungdomslag. Bunaden blir sydd på kurs i Stavanger, men det er også bunadtilverkare som syr bunaden.