Barnedåp

Bunadbruk ved livets høgtider. Folkedraktene hadde tradisjonar knytta til koss ein kledde seg til kvardag, helg og høgtid. I dag fører me nokre av desse tradisjonane vidare i samband med familiehøgtider som dåp, konfirmasjon,bryllup, gebursdagar.

"Barnedåp" i Kvam, Hardanger på 1880-talet. Utnitt av foto: Axel Lindahl NF.WL01563

"Barnedåp" i Kvam, Hardanger på 1880-talet. Utnitt av foto: Axel Lindahl NF.WL01563

Her er folka på veg til eller frå kyrkja der barnet blir døypt. Dåpsbarnet er inntulla i eit fint teppe. Me ser ikkje meir av drakten. Men i mange bygder er det bevart dåpstøy frå ulike tider.

Resten av dåpsfølgje i Kvam er kledde i høgtidsdrakt. Dei gifte konene i skaut, men ungjentene er meir moderne kledde og utan hovudplagg.

Frå Jæren heiter det frå første del av 1800-talet at dei kvinnelege fadderane skulle ha kniplingsnipp over lua, noko som elles berre blei brukt av konfirmantar og brura den dagen ho tok mot brudgommen og på andre dag i brudlaupet.

Bunadbruk ved barnedåp i dag

Det er tradisjon for å bruke dagens bunader i samband med familiehøgtider som dåp, konfirmasjon, bryllup, gebursdagar – og ein del stader også i gravferder.

Bilda ved sida av syner ein stolt bestefar og hans barnebarn under ein dåp sumaren 2024. Dåpsbarnet ber ein dåpskjole som har vore brukt i tre generasjonar i denne familien. Dåpsluva er laga på 1980-talet i svart silke– etter inspirasjon av ei gamal dåpsluve frå Numedal.

Bestefaren har ei rekonstruert folkedrakt frå Valdres. Det er ein mannskjol med ermevest med utgangspunkt kanskje i 1760-åra.

Teppet som blir brukt er eit skillbragdteppe, som i Valdres blir kalla kristneteppe. Det har fått namnet fordi det er lange tradisjonar for at barn vart innpakka i slike teppe då dei vart kristna (døypte). Brurepar knela på slike teppe på altarringen under vigselen, og i gravferder har dei vore brukte som katafalkteppe. Til jul blir slike teppe framleis opphengde i Valdres til pynt med julehangkle utanpå. Dette er teppe som følgjer familiane gjennom alle livets store hendingar.

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no